Voldsomme kolerautbrot - men få vil lage vaksine

Ein enkel koleravaksine kunne ha berga liv, men på verdsbasis er det no tomt for vaksiner. 

- Kolera er fattigdommens grusomme markør, seier Kyrre Lind som er fagansvarleg for global helse i UNICEF Norge. Han har sjølv arbeidd i tungt belasta kolera-område, og sett dei enorme lidingane og død som kan følgje sjukdomen.

Barn er spesielt utsette, og i nokre av kolerautbrota døyr 40 prosent av barna under fem år av smitten . 

- Det paradoksale er at denne sjukdomen har vi hatt ein vaksine mot sidan slutten av 1800- talet, og han er relativ lett å behandle med intravenøs væske. 

Men dessverre forsterkar krig, klimakriser og fattigdom kolerautbrota, og saman med skjøre helsesystem og flyktningstraumar er det igjen dei fattigaste som vert hardast råka, seier han.  

på flukt frå sjukdomen

Søndag for vel ei veke sidan kantra ein båt, overfylt av folk, utanfor kysten av Mosambik. Minst 96 menneske miste livet og fleire er enno sakna, mange barn. Bakgrunnen for den overfylte båten skal ha vore desperate menneske som prøvde å flykte etter meldingar om eit kolera-utbrot.  

Mosambik er eitt av verdas fattigaste land og kraftige regnskyll har ført til fleire alvorlege kolera-utbrot av siste året. Kolera er ein akutt tarminfeksjon forårsaka av bakterien Vibrio cholerae som smittar via forureina vatn eller mat, eller i direkte kontakt med smitteberande avføring.

Dårlege vatn- og sanitærforhold aukar risikoen for sjukdomsutbrot, og i område der vasskjelder ligg opne, kan uvêr, flaum og tørke raskt føre til forureina drikkevatn. 

Flom etter orkanen Freddy 2023
MOSAMBIK: Celia Lacedo og dei tre borna hennar Calimo (2), Susana (3) og Santos (5). Syklonen Freddy øydela huset deira i Icidua i byen Quelimane i Mosambik. Dei fekk reint vatn og hygieneartiklar av UNICEF for å unngå kolera. Effekten av El Niño har gjort det vanskelegare å få tilgang til reint vatn og helse- og sanitærfasilitetar for mennesker på flukt. Foto: UNICEF/UN0820844/Alfredo Zúniga.

utbrot i 31 land

Frå og med 2023 har 31 land rapportert om aktive utbrot av kolera. 

I same periode og fram til no i 2024 registrerte Verdas Helseorganisasjon over 800 tusen tilfelle av sjukdomen.  6000 menneske er døde.   

Det er særleg land i det sørlege og austlege Afrika som Zimbabwe, Somalia, Zambia, Kongo, Sudan og Mosambik som er kraftig råka.  Ved utgangen av februar 2024 var det registrert 11 afrikanske land med pågåande kolerautbrot.  

Men og land som Syria, Haiti og Afghanistan har mange tilfelle av sjukdomen. 

enormt behov - men pengane rår

Førebyggande vaksiner kunne ha berga mange liv, men på verdsbasis er det no tomt for koleravaksiner. Berre i 2023 vart det etterspurt fleire koleravaksiner – enn i det siste tiåret til saman.   

I fjor vart det produserte omlag 36 millionar dosar, medan behovet var 72 millionar dosar. Dette ut i frå «ein-dose strategien»:  Tidlegare vart det anbefalte to dosar av vaksinen, men dette har ein gått bort frå for å få forsyningane til å rekke lenger.

Førebyggande vaksinekampanjer har blitt nedprioritert, og dosane heller brukt til naudssituasjonar. 

- Ein kombinasjon av mange akutte kolerautbrot, samt for liten produksjon av vaksiner på verdsbasis har ført til at vaksinelagera er tomme, seier Kyrre Lind. Han trur låg inn-tening og liten profitt kan ha gjort at mange vaksineprodusentar ikkje har prioritert kolera.  

Det finst fleire typer koleravaksiner, både i sprøyteform og dei som kan takast oralt, gjennom munnen, men per i dag er det berre ein produsent på verdsbasis, EuBiologics, som produserar kolera-vaksiner. Det er ikkje venta at nye produsentar kjem på marknaden før 2025. 

Koleravaksine i munnen Zimbabwe

HARARE: Ein vaksinasjonskampanje mot kolera starta i Zimbabwe 29. januar med mål å nå ut til 2.2 millionar menneske. Målgruppa bur i 24 høgrisiko-distrikt som er rekna som dei største smitteområda. Foto: UNICEF/UN151401

politisk sensitivt

- Vi i UNICEF oppmodar på det sterkaste at vaksineprodusentar, regjeringer, og partnarar å sette i verk ei rask oppskalering av vaksineproduksjonen. Verdssamfunnet fekk det til i samband med covid-19, så no må vi investere i alle nødvendige tiltak for å for førebygge og kontrollere kolera, seier  Lind. 

Han trur sjukdomen kan vere eit større problem enn det som blir rapportert. Kolera er en politisk sensitiv sjukdom, fordi han nettopp er knytt til fattigdom og ofte eit ustabilt politiske styresett; til dømes om om vatn- og sanitærssystem er godt nok bygde ut i eit land.

Det manglar og ofte rutiner for innrapportering, og ein fryktar at sjukdomen kan ha dårleg innverknad på turisme og handel. 

- Kanskje er det ein del land og område som ikkje vil ha på seg kolera-tilfelle, og heller kallar sjukdomen andre navn, spør Lind.  

I 2024 vil det bli produserte rundt 37-50 millioner doser koleravaksiner på verdsbais, men det kjem på langt nær til å vere nok for å dekke behova til millionar av menneske som kan bli råka av sjukdomen. 

Ein koleravaksine kostar i dag mellom 15 og 20 kroner i innkjøp. 

Vaksinering mot kolera

SOMALIA: Eit barn med kolera får vaksine på Cholera Treatment Center på Bandahir sjukehuset i Somalia. Frå januar til mars i år er 5.847 tilfelle av kolera identifisert og 65 dødsfall registrert i Somalia. To tredelar av desse er born. Foto: UNICEF/UNI554646/Lisa Hill

En Niño forverrar

I 2023 førte vêr-fenomenet El Niño til lange tørkeperiodar, syklonar, voldsomt regn og enorma flaumar i fleire land i sør- og aust-afrika.   

- Ekstremvêr og klima-endringar er kraftige triggarar for kolera- og sjukdomsutbrot, og vi kjem truleg til å sjå langt meir av desse mekanismene i åra framover, seier Lind.  

UNICEF er ein av verdas største distributør av vaksiner, og leverar nesten to milliard vaksiner ut årleg. Mange av desse er koleravaksiner.

Utbygging av trygge vatn- og santitærløysingar, helsetenester, og ernæringsoppfølging er også viktige tiltak i UNCEF sitt arbeid for å førebygge kolera. 

Det er og etablert ei “Global Cholera Emergency Cell” for å betre koordineringa og gi raskt assistanse til regionar og land ved kolerautbrot.  Saman med Verdas Helseorganisasjon (WHO) og Global Task Force on Cholera Control (GFTFCC) jobbar UNICEF for fleire solide tverrfaglege løysingar for å hindre sjukdomsutbrot. 

 

Publisert av Gry Molvær Hivju mandag 15/04/2024 - 11:33